Nynorsk sjekkliste

Her er nokre gode råd for deg som skriv på nynorsk.
  • Dei aller fleste hankjønnsorda sluttar på -ar og -ane i fleirtal.
  • Dei aller fleste hokjønnsorda sluttar på -er og -ene i fleirtal.
  • Eg har sjekka at inkjekjønnsorda er utan ending i ubunden form fleirtal, og at dei sluttar på -a i bunden form fleirtal.
  • Eg har sjekka at eg har brukt s-genitiv berre i samband med eigennamn og i faste uttrykk.
  • Eg har sjekka at eg har brukt dobbel bestemming der det er mogleg.
  • Hugs ord som eg, ho, hennar, dei og dykk.
  • Lær deg forskjellen mellom subjekt og objekt.
  • Ingen av verba sluttar på -et i preteritum.
  • Dei verba som sluttar på -a i preteritum (a-verba), sluttar på -ar i presens.
  • Dei verba som sluttar på -e i preteritum (e-verba), sluttar på -er i presens
  • Dei aller fleste adjektiva sluttar på -are i komparativ og på -ast i superlativ.
  • Bruk stavekontroll og ordbøker. Sjekk alle ord du er usikker på.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.