Kurs i nynorsk

Kurset om substantiv er ferdig. Dei andre kursa kjem hausten 2017.
Statsorgan skal svare på skriv frå private rettssubjekt i den målforma som er nytta i skrivet. Dersom ein ikkje kjenner språkønsket til vedkommande, står statsorganet fritt i val av målform. Frå statsorgan kan private rettssubjekt krevje ei viss målform i alle løyve, faste formularar o.l. som direkte gjeld dei sjølve.
Lov om målbruk i offentleg teneste (§6)

1. august 2012

Skiljet mellom hovudformer og sideformer vert oppheva i nynorsk. Det vil seie at alle formene i rettskrivinga er jamstilte.

1929 - Nynorsk

Frå 1929 skifta landsmålet namn til nynorsk.

1917 - Innføring av sideformer

I 1917 vart skiljet mellom hovudformer og sideformer innført i norsk rettskriving. Hovudformene har vore obligatoriske i lærebøker for grunnskulen og den vidaregåande skulen. Skuleelevar har sjølve kunne bruke sideformer.

1907 - Gymnaset

Sidemållsstilen vart innført på gymnaset.

1850 - Ordbog over det norske Folkesprog

Ordbog over det norske Folkesprog er den aller fyste ordboka som bygde på ei systematisk innsamling av norske ord. Boka er skriven på dansk sidan det ikkje var utvikla ein norsk skrivemåte enno.

1848 - Det norske Folkesprogs Grammatik

Det norske Folkesprogs Grammatik vart skriven av Ivar Aasen. Boka tar for seg det norske språket slik det stort sett vart snakka i store delar av Noreg.

1814

Noreg får si eiga grunnlov.

1813-1896 - Ivar Aasen

Ivar Aasen er mest kjend for å vere opphavsmannen til landsmålet, opphavet til den moderne nynorsken.

Sosiale medier er digg!

Sjekk skolegreier på andre sosiale medier også. Og lik gjerne Facebook-siden min, Skole er digg! (Linken finner du rett nedenfor.)